skip to Main Content

Tapte slag. Eller kanskje ikkje?

At det er mange meiningar om kva som er godt og dårleg språk, heng kanskje saman med mangelen på objektive reglar. Dessutan endrar språket seg med samfunnsutviklinga. Sentraliseringa og urbaniseringa verkar inn på lokalkulturen og dialektane, og den store og omfattande prosessen som bli kalla globalisering gjer at forskarar har stilt spørsmål om framtida til små språk som det norske. I alle høve har det berre i dei femti siste åra har det komi inn ei lang rekkje nye ord og uttrykk som me snautt ville greie oss utan i dag, både i bokmål og nynorsk.

Men treng me dermed slapt og ukritisk innleme i skriftspråket alt som kjem drivande forbi?

Forklare eit geni?

For nokre år sidan kunne ein rett som det var snåve over ordet geniforklare, som i ein kronikk (i NRK Ytring 23. april 2014) der ein professor på Handelshøgskulen BI drøfta kvifor det blei så vanskeleg å fylgje etter Sir Alex Ferguson  som topptrenar i Manchester United: «Forbes mener at man lot Ferguson bli for viktig, men vil samtidig geniforklare ham».

Kva slags forklaring er det? – Svaret er at ordet er rått og uforedla svensk. Svenskane skil ikkje mellom forklare og erklære, som på norsk. At mange skribentar brått fann det for godt å ape etter dette uttrykket, fortener diagnosen svikt i det språklege immunforsvaret.

I dag er greitt å skrive genierklære på bokmål, men ordet finst ikkje i nynorskordboka. Mange skriv det likevel, men kjenn etter om det ikkje duger like godt å skrive t.d. utropt til geni. Eller til flogvit, som Aasmund O. Vinje sa.

Sær skriving eller særskriving

Verdsspråket engelsk invaderer dei fleste andre språk. Det er ikkje nytt, og heng ofte saman med nye fenomen i samfunnet. Med bilen kom ord som gir, kløtsj, handbrekk, dashbord, coil. Med fotballen kom m.a. offside, sentring, takling, corner og keeper. Og med datateknologien måtte me handtere ei ny bylgje av ord og uttrykk, som hard disk, server, mail, lap top,

Særleg har slangprega ungdomsspråk vori opi for engelsk påverknad. (Ordet slang er forresten sjølv direkte importert frå engelsk, med den same tydinga som på norsk: uformelt gruppespråk – gjerne bruka i ungdomsmiljø og blant kriminelle(!),  som det heiter i Longman Dictionary of Contemporary English.) Me kjenner alle døme som cool –> kul(t), straight –> streit, selfie.

Dette er til å leva med. Som alle andre brukar eg sjølv slike ord – meir i tale enn i skrift. Verre er det når anglisismane går vidare og djupare inn i språket. For ei tid sidan blei følgjande spørsmål stilt i ei reklame på Facebook: «Hvordan å miste buk fett?»  Truleg er dette resultatet av å taste inn «How to lose belly fat» i Google translate eller ei tilsvarande teneste, men nokon har altså utan vidare godteki denne bastardsetninga som grei norsk.

Som eit einstaka eksempel er ikkje dette så mykje å bry seg om, men slurvet breier om seg som ugras og påverkar etter kvart språkkjensla. Særleg blir særskriving etter engelsk mønster ein del av skriftmiljøet vårt. Mange særskrivingsfeil kan stundom verke ufriviljug komiske: «Lutefisk biter skrei» (etikett), «Årets sommer dufter på salg» (plakat), «Bar sjef til populær nattklubb i Lillestrøm» (stillingsannonse) – og sjølvsagt klassikaren «lamme lår».

Morosamt, men òg urovekkjande.  Heldigvis organiserer motkreftene seg: døma ovanfor er henta frå Facebook-sida til ei gruppe kalla Orddelingsmafiaen. Eg sluttar meg med dette til rørsla!

Å koma til

Nettsida ABC-nytt hadde for ei tid sidan ein reportasje om ei gransking av ulike fysiske føresetnader hjå kvende og karar i toppidretten. Der kunne ein lesa: «Doktorgradprosjektet har henta inspirasjon frå ein studie leia av Hegges vegleiar Øyvind Sandbakk, der han såg nærmare på kjønnsskilnadar blant langrennsløparar når det kom til uthald.»

Her er det nærliggjande å tru at skribenten høyrde ei engelsk røyst i hovudet sitt, då ho eller han tappert prøva å skrive nynorsk. Mange vil ha bruk for å lesa formuleringa «når det kom til uthald» eit par gonger før innhaldet blir klårt, fordi alle har enno ikkje vant seg til at det engelske uttrykket «when it comes to» er i ferd med å trengje vekk det norske uttrykket «når det gjeld». Men slik er det. No høyrer og les ein over alt «når det kommer/kjem til…» – men kanskje framleis jamlegare på bokmål enn nynorsk.

Kanskje lesarane har framlegg til ei betre formulering av den nemnde setninga?

This Post Has One Comment
  1. Du trefte rett på ein av mine kjepphestar då du skreiv «slurvet breier om seg som ugras». Eg kjempar mot denne bastarden kvar eg finn han, sjølv om det truleg er eit tapt slag. Men eg vil no likevel be deg så inderleg eg kan om å ta livet av han, og velje mellom dei to uttrykka han er ei samanblanding av. Sit eg på verandaen når sommarkvelden svalnar, kan det henda eg breier om meg eit ullteppe e.l., medan skuggane breier seg og mørkret grip om seg.

Comments are closed.

Back To Top