skip to Main Content

Portrett Arne Vinje

Vinje er for det fyrste meg, Arne Vinje, og for det andre bygda Vinje i Telemark, der eg bur. Båe delar vonar eg skal gjeva ein lovnad om språkleg kvalitet.

Skriving: ein del av livet

Av yrke er eg gardbrukar og faglitterær forfattar. Sidan 1970-talet har eg skrivi fire bøker om kunst og kunstnarar, økofilosofi og lokalhistorie, redigert eit par bøker og er ansvarleg for ei lang rekkje artiklar i tidsskrift og andre bøker om ulike emne. Frå 1979 var skrivinga eit vekselbruk med sauehald, tømmerhogst og organisasjonsarbeid. Frå 2000 til 2002 var eg leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag; frå 2003 til 2015 var eg ordførar i Vinje kommune.

Ein rik skrifttradisjon som må forsvarast

Som vinbyggje står eg i ein rik litterær og språkleg tradisjon som er sterkt knytt til det nynorske skriftmålet. Eg kjempar for bygdekulturen, er over gjennomsnittleg interessert i språk og har ei særskilt omsut for dialektane og det nynorske skriftmålet. Eg er beint fram glad i nynorsk. Derfor er det med uro og sorg eg ser at nynorsken er på vikande front, jamvel på område der han burde stå sterkt.

Språket er ein del av oss

Språk er meir enn eit kommunikasjonsmiddel. Her i Vest-Telemark er målføret og nynorsken ein viktig del av kulturen og såleis ein del av oss sjølve, det er eit identitetsmerke som er godt kjent og høgt verdsett, og som me har grunn til å vera stolte av.

Men merket må haldast ved like! Me er omgjevne av bokmål over alt, og mange kjenner seg usikre når dei skal skrive nynorsk. Endå meir krevjande er det sjølvsagt for dei som snautt har lært dette skriftmålet på skulen. Derfor tykkjer mange det er lettare å skrive bokmål, jamvel om dialekten ligg nærare nynorsk.

Det skal vera like lett og kjennast meir naturleg å skrive nynorsk. Dette er det smålåtne føremålet til Språkråd frå Vinje. Alle som treng hjelp til å skrive betre nynorsk, blir tekne vel i mot!

Back To Top