skip to Main Content

Naturleg nynorsk

Ein gong diskuterte eg målpolitikk med ein rogalending som sa at for han var det mest naturleg å skrive bokmål. – Men målføret ditt ligg då nærare nynorsk enn bokmål, sa eg. Då slo rogalendingen i bordet: Eg snakkar f… ikkje nynorsk!

At nynorsken er tufta på dialektane, gjer ikkje at alle med dialekt finn det naturleg å skrive nynorsk. Det kjem nok helst av at me les og høyrer bokmål over alt i dag. Men alle som ønskjer å skrive nynorsk, vil finne god støtte i dialekten. Det gjeld òg målføra på austlandet. Og når ein skriv med utgangspunkt i talemålet, blir skriftspråket jamleg betre og meir naturleg.

Løyner ikkje at eg er frå Vinje når eg skriv

Sjølv nyttar eg valfridomen i nynorsk til å skrive nært opp til mitt eige vest-telemål. Det vil mellom anna seia at eg brukar kløyvd infinitiv, skriv me i staden for vi – og skyr den vestlandske garpegenitiven. Det er naturleg for meg å bruke former som sume tykkjer er gamaldagse (gjeng, stend), men eg gjer det ikkje jamt. Det varierer med kva eg skriv og kven eg skriv til. Men eg prøvar sjølvsagt å vera konsekvent i kvar tekst.

Med dette utgangspunktet skriv eg til dels i strid med det som mange har lært er god og rett nynorsk. Eit døme: ukunnige lærarar har innprenta generasjonar av elevar at i nynorsk heiter det ikkje å bli, men å verta. Men i Vest-Telemark seier me då at det skal bli godt! Eg blei glad! Kan me likevel ikkje lite på dialekten?

Jau. Det er korkje feil eller mindreverdig å skrive bli – blei – blitt (eller blive). Me kan velje ut frå det som fell naturleg, eller ut frå stilistiske omsyn.

Garpegenitiv

Tilsvarande gjeld for genitiv. Ein har lært at på nynorsk skriv ein ikkje genitiv-s, som i Europas flyktningproblem, men derimot med personleg pronomen: Europa sitt flyktningproblem. Denne genitivforma blir kalla garpegenitiv, fordi ho blei innført frå lågtysk av hanseatarane (garpane) i Bergen i mellomalderen.

I dag er det helst i dialektane på Vestlandet og i Nord-Noreg at garpegenitiven blir bruka – og av mange som skriv nynorsk. Eg gjer det aldri. I staden brukar eg stundom s-genitiv, i samsvar med Vinje-målet og forfattarar som Tarjei Vesaas («Kråkas svarte liv») og Aslaug Vaa («Men i skuggens svarte rit ser ein krossen myrk seg teiknar»); og ofte brukar eg ein preposisjon: flyktningproblemet i Europa, romanen av Tarjei Vesaas, verdas beste eller best i verda. «Verda sin beste fotballspelar» kling ikkje godt.

Valfridom vil ikkje seia at alt er lov

Verda? I Vinje seier me då verden! «Best i verden», eller «verdens beste». Ja, her passar det å minne om at sjølv om det er stor valfridom både i nynorsk og bokmål, så er der sjølvsagt òg reglar. Ikkje alle høver for vesttelemålet. Det lyt me berre godtaka.

Men når me fyrst er inne på dette substantivet, kan det tene som døme på nyanserikdomen i språket. På nynorsk har substantivet ‘verd’ tre kjønn, og tre ulike tydingar: 1. ei verd – verda om det som har med kosmos eller det globale å gjera (verdsmeister); 2. ein verd – verden om eit måltid (kveldsverd, nattverd); 3. eit verd – verdet i tydinga verdi, jf. verdfullt, menneskeverd.

Språket er ikkje jamt logisk, men det har si historie; det heng saman med andre språk, samfunn og tilstandar som kanskje er borte for hundrevis av år sidan, og det endrar seg stadig. Dessverre ikkje alltid til det betre, spør du meg. Men spennande er det, og ei utømeleg kjelde til granskingar og diskusjonar.

Og ei evig utfordring for dei som skriv! Derfor landar eg denne epistelen der han starta: dei som skriv nynorsk, har den føremonen at skriftmålet er tufta på dialektane. Vil du skrive god og naturleg nynorsk, bør du høyre etter kva som er naturleg på målføret ditt. Verre er det ikkje.

Back To Top