skip to Main Content

Det er gjort mange gode forsøk på å setje opp reglar for kva som er godt og dårleg språk, og sjølv følgjer eg mange av dei. Det skulle elles berre mangle: stavemåten av ord kan ikkje diskuterast, og det er feil å skrive og der det skal vera å, eller omvendt. Men mange andre spørsmål om språk kan ha fleire svar, og haldningane til kva som er godt og rett vil skifte frå person til person, frå tekst til tekst og over tid.

Endå språkreglane jamleg er meir retningsliner enn påbod, høyrer nok eg til dei strengare språkbrukarane. Eg tykkjer det er viktig å drive språkrøykt både i nynorsk og bokmål, og immunforsvaret mitt reagerer raskt på det eg oppfattar som uvanar eller slurv. Eller ukritisk innblanding i norsk av ord og uttrykk frå andre språk.

I denne spalta vil eg kommentere språk, slik me møter det i det daglege, gjeva døme på ord og vendingar eg ikkje likar, og råd om alternativ. Så kan lesarane velje om dei vil følgje råda mine, eller protestere. Kan det bli litt debatt om språket, er det aldeles strålande! Språkleg medvit er vilkår for godt språk.

Siste innlegg på målbloggen

Tapte slag. Eller kanskje ikkje?

At det er mange meiningar om kva som er godt og dårleg språk, heng kanskje…

Les meir
Back To Top