skip to Main Content

Språkråd frå Vinje tek på seg å hjelpe til med alle slags tekster, men ser det som ei særleg oppgåve å stø opp om at det offentlege Noreg og næringslivet kommuniserer og presenterer seg med eit godt språk. I mange område vil det seia god nynorsk. Språkråd frå Vinje handsamar båe målformene, men har eit særskilt hjarte for nynorsk.

Godt språk i offentleg teneste – skriv så folk forstår!

  • Det offentlege (kommunen, fylkeskommunen og staten) kommuniserer heile tida med kvarandre og med innbyggjarane. Mesteparten er skriftleg. Det er viktig for alle at denne kommunikasjonen er presis og forståeleg.
  • Det offentlege har eit særleg ansvar for at kommunikasjonen med innbyggjarane er så god som råd. Språket det offentlege brukar kan skapa både innsikt og avstand. Tydeleg skrift og tale er eit vilkår for eit aktivt og livande demokrati; ugjennomtrengjeleg «kansellispråk» hindrar demokratisk styring.
  • Det offentlege har mange oppgåver. Kommunane leverer tenester, har ansvar for tilsyn og driv planlegging og lokalsamfunnsutvikling. Skal kommunen bli god til alt dette, er det avgjerande at kommunikasjonen med innbyggjarane er god.

Språkråd frå Vinje kan hjelpe alle offentlege instansar med å gjera den skriftlege kommunikasjonen så presis, tydeleg og forståeleg som råd.

Språklege rettar og plikter

Bokmål er den skriftforma dei fleste i Noreg brukar, og den alle er vane med å lesa. Men i store geografiske område er nynorsk det skriftmålet som ligg nærast talemålet, og som det er tradisjon for. Målbruken i staten, fylkeskommunane og kommunane skal følgje Lov om målbruk i offentleg teneste («mållova» eller «målbrukslova»).

Denne lova seier m.a. at

  • Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstelte skriftspråk i alle offentlege organ (stat, fylkeskommune og kommune).
  • Kommunestyret (og fylkestinget) kan velje om kommunen (og fylkeskommunen) skal bruke nynorsk eller bokmål. Dei som skriv på vegner av kommunen (og fylkeskommunen) pliktar å følgje valet av målform.
  • Staten skal skrive til kommunen i den målforma som kommunestyret har valt.
  • Staten skal svara på skriv frå private rettssubjekt (personar, organisasjonar, selskap) i den målforma som er nytta i skrivet.

109 kommunar og dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har valt nynorsk som administrasjonsmål. Dei hine har valt bokmål eller – som fleirtalet – er nøytrale.

Mållova inneber at svært mange offentleg tilsette må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er lett å sjå at det jamt over fell vanskelegare å skrive nynorsk enn bokmål. Altfor jamleg skjemmer offentlege organ seg ufriviljug ut gjennom nynorske tekster som er fulle av feil.

Språkråd frå Vinje ser det som ei særleg viktig oppgåve å hjelpe det offentlege til å skrive god nynorsk.

Målbruk i næringslivet

Forretningslivet handlar òg om kommunikasjon. Språkråd frå Vinje er oppteken av korleis forretningar byr fram varene og tenestene sine i marknaden, gjennom reklame, annonser og annan informasjon. Godt språk er eit signal om høg kvalitet, dårleg språk signaliserer det motsette.

Forretningar i område der nynorsk stend sterkt, og der mange av innbyggjarane er stolte av språket og kulturen, oppnår auka velvilje blant kundane når dei brukar nynorsk. Likevel sviktar det altfor ofte, noko mange oppfattar som utslag av manglande respekt for lokalsamfunnet. Men som regel skjer dette meir fordi forretningane ikkje trur seg til å skrive nynorsk, enn fordi dei ikkje vil.

Språkråd frå Vinje vil gjera det lettare for forretningar og næringsdrivande å bruke nynorsk!

Målbruk i kvardagen

Dei fleste må av og til ta tastaturet fatt og skrive noko, t.d. annonse i lokalavisa, søknader, klager eller merknader til offentlege planar. Formuleringa av slike store og små tekster kan vera avgjerande for resultatet.

Språkråd frå Vinje hjelper til med forma, slik at innhaldet kjem godt fram!

Back To Top