skip to Main Content
Arbeidsbordet til Arne Vinje. Hjelp til skriving, raskt og rimeleg.

Kan Språkråd frå Vinje hjelpe deg fram til ei betre tekst?

Godt språk skaper godt inntrykk og gjer bodskapen tydelegare. Språkråd frå Vinje hjelper alle som må skrive noko som andre skal lesa, i det offentlege, i næringslivet, i organisasjonar og i det private.

Etter vel 12 år med annan og noko breiare innsats for lokalsamfunnet, tek eg no opp att tilbodet om språkleg rettleiing av ymse slag. Og etter tre periodar i det offentlege er eg ikkje i tvil om at det er bruk for tilbodet!

Tilbod

Namnet er framleis Språkråd frå Vinje, og med dette gjev eg alle som må skrive noko som andre skal lesa, tilbod om:

Ikon Språkråd Frå Vinje
Korrekturlesing

Retting av skrivefeil i nær sagt alle slags tekster (annonser, reklame, nettsider, brosjyrar, rundskriv, brev, søknader osb.) der ordlyden elles ligg fast.

Ikon Språkråd Frå Vinje
Språkvask

Ein grundigare gjennomgang av tekster der ein òg kan endre ordlyden for å få bodskapen så presis som råd og i samsvar med god målbruk.

Ikon Språkråd Frå Vinje
Tekstutforming

Hjelp til å skrive ei tekst meir frå botnen, gjerne med eit høveleg grafisk oppsett.

Ikon Språkråd Frå Vinje
Omsetjing

Mellom bokmål og nynorsk – eventuelt òg andre språk.

Prisar

Tenester frå Språkråd frå Vinje blir fakturert med ein timepris på kr. 550 + MVA, eller etter avtale.

Back To Top